top of page
  • Forfatterens bildeIlir Beqiri

14.000 unge har slutta med fotball under pandemien

Koronastenginga har ført til færre born på fotballbanene. No har nokon kome med ein idé, og heile landet kan vere med.


Tal frå Noregs Fotballforbund (NFF) viser ein nedgang på 4 prosent frå 2019, skriv NRK Vestfold og Telemark.


– Det bekymrar oss, seier Alf Hansen, direktør for aktivitet og utvikling i NFF.


Berre i Vestfold er det 100 lag i aldersgruppa 6 til 12 år som har forsvunne sidan 2019.


Audun Follerås i Hof IL har kome med ein idé for å få fleire tilbake til fotballbanen. På nettsida fotballyst.no kan kven som helst registrere talet på timar dei har brukt med ball.


– Det treng ikkje å vere organisert fotball, seier Follerås. Målet med nettsida er å få folk til å kjenne på fotballgleda igjen. (©NPK)



NB! Innlegg er hentet fra framtida.no

Top Stories

bottom of page